Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway

11/21/2025 | Press release | Distributed by Public on 11/21/2025 04:52

Godstransport på bane: Foreslår kompensasjon etter uføresette hendingar

- Det er ingen tvil om at de siste åra har vore krevjande for godstogoperatørane. Særleg når uføresette hendingar har gjort det nødvendig å stengje strekningar i lengre periodar. For godstog er det få eller ingen omkøyringsmoglegheiter. Då må varene som regel bli frakta på veg mens jernbanen blir reparert. Dette fører til tapte inntekter for godstogselskapa. Vi ønsker ei konkurransedyktig godstognæring. Derfor foreslår vi å kompensere selskapa for tapa, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Etter eit jordras ved Verma stasjon blei Raumabanen stengd for trafikk mellom 19. juli og 6. oktober i år. Samferdselsdepartementet foreslår å kompensere godstogselskap for tap i denne perioden.

Varslar kompensasjonsordning for godstogselskap på Nordlandsbanen

Nordlandsbanen er stengd for godstrafikk sør for Steinkjer etter eit kvikkleireskred ved Levanger 30. august i år. I Steinkjer er det etablert ein mellombels godsterminal for trafikken til og frå Bodø. Det er venta at heile Nordlandsbanen vil opne for trafikk sommaren 2026, men ein dato for trafikkstart er ikkje klar.

Samferdselsdepartementet vil opprette ei mellombels ordning for å kompensere godstogselskap for tap etter kvikkleireskredet ved Levanger. Det er anslått ei løyving på 150-200 millionar kroner.

Regjeringa vil komme tilbake med nærmare budsjettbehov i samband med revidert nasjonalbudsjett våren 2026.

Utbetaling av støtte føreset at EFTAs overvakingsorgan (ESA) først må godkjenne ordninga.

For fleire opplysningar - sjå:

  • 17 S (2025-2026) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Endringar i statsbudsjettet 2025 under Samferdselsdepartementet
Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway published this content on November 21, 2025, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on November 21, 2025 at 10:52 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]