08/07/2026 | News release | Distributed by Public on 08/07/2026 01:07
Øyvind Breivik har takka ja til stillinga som direktør for Havdivisjonen ved Meteorologisk institutt. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi ved instituttet.
Som direktør får Breivik ansvar for å leie og vidareutvikle MET sitt arbeid knytt til hav, oseanografi, maritime tenester, fjernmåling og dataforvalting.
- Eg gler meg stort til å ta fatt på arbeidet som direktør for dei nesten 90 svært dyktige forskarane i havdivisjonen. Dei er ekspertar på alt frå satellittmålingar av sjøis til drift av radioaktivt materiale.
- Alt vi gjer skal på det eine eller andre viset vere med å trygge liv, miljøet og verdiar til havs. Det er svært motiverande for meg, og det skal vi gjere endå meir av framover i samarbeid med meteorologane våre og resten av instituttet.
Breivik tek med seg brei erfaring frå forsking, fagleg leiing og utvikling av operative tenester for havområda. Han er også professor II i fysisk oseanografi ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.
Gjennom forskinga si har Breivik arbeidd med bølgjer, havmodellering, bølgjeklima, samspelet mellom hav og atmosfære og drift av objekt og forureining i havet.
Eit gjennomgåande mål har vore å bruke betre observasjonssystem og varslingsmodellar til å auke tryggleiken og redusere miljøpåverknaden frå aktivitet til sjøs.
Breivik har arbeidd i skjeringspunktet mellom forsking, teknologiutvikling og operative tenester i mange år.
Han har også bidrege til forsking på korleis klimaendringar kan påverke ekstremvind og stormskadar. I prosjektet StormRisk har han med anna vore med å undersøkt samanhengen mellom vind, busetnad og økonomiske skadar.
- Eit mål med arbeidet er å gjere varslinga meir konsekvensbasert, slik at varsla i større grad fortel kva vêret kan bety for menneske og samfunn.
Eit anna område Breivik har engasjert seg i, er utvikling av rimelege bølgjebøyer baserte på open programvare og lett tilgjengeleg elektronikk. Teknologien gjer det mogleg å samle inn langt fleire observasjonar av bølgjer, hav og sjøis enn tidlegare, og kan bidra til betre vêrvarsling og klimamodellar.
Bakgrunnen hans omfattar dermed både grunnforsking, utvikling av modellar og observasjonssystem og bruk av kunnskapen i operative tenester. MET-direktør Roar Skålin fortel at Øyvind Breivik har den faglege tyngda og leiarerfaringa som MET søkjer.
- Eg ser fram til samarbeidet og eg er trygg på at han vil bli ein viktig bidragsytar i den vidare utviklinga av våre operative tenester og vår forsking. Øyvind vil få ei sentral rolle i MET sitt nasjonale og internasjonale samarbeid innan fjernmåling, havovervaking og -varsling.
Breivik tek til i stillinga som direktør for Havdivisjonen 1. september.