01/03/2026 | Press release | Distributed by Public on 01/03/2026 03:08
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 6. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit toppmøte med Ukrainas støttespelarar, omtalt som «koalisjonen av dei villige», i Paris.
Presse som vil dekke møtet, må søke om akkreditering seinast innan måndag 5. januar kl. 1200. Pressekontakt for reisa er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse: tlf. 99 21 46 10 eller e-post [email protected].
Onsdag 7. januar
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på årskonferansen til NHO i Nova Spektrum i Lillestrøm, og held tale i første del av programmet.
Om kvelden deltek han på NHO sin årsmiddag.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Kl. 12.00: Statsministeren møter WTO sin generalsekretær, Ngozi Okonjo-Iweala.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Torsdag 8. januar
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre gjer greie for Regjeringa sin plan for Noreg i Stortinget. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen i etterkant av utgreiinga.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post [email protected].
Kl. 16.00: Statsministeren deltek i ein panelsamtale på nyttårsseminaret til Norsk Hydro på Nobels fredssenter.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post [email protected].
Fredag 9. januar
Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktuval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er Nasjonal sikkerheitsstrategi.
Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.00.
Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til [email protected] innan torsdag 8. januar. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.30. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Laurdag 10. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Idrettsgallaen i Hamar OL-amfi.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].