Government of Norway

05/22/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/22/2026 07:21

Statsministerens program veke 22

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 26. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Hardanger og Voss. Mellom anna besøkjer han Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Elkem Bjølvefossen og Hardanger frukt- og siderfabrikk på Lekve gard i Ulvik. Han gjer også eit kort besøk på heimplassen til diktaren Olav H. Hauge i Ulvik.

Journalistar som vil vere med på besøket hos Elkem Bjølvefossen må melde seg på til [email protected], telefon 56 55 08 00 innan tysdag 26. mai kl. 12.00.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ope folkemøte på Voss, i regi av Voss kulturhus og Voss Arbeidarparti. Tema for folkemøtet er den urolege situasjonen internasjonalt og korleis det påverkar kvardagen til folk her heime i Noreg. Adresse: Voss kulturhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].

Onsdag 27. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Bergen der han besøkjer Søråshøgda skole, før han deltek på opninga av Festspela i Bergen.

Opningsseremonien går føre seg på Torgallmenningen og kan følgjast digitalt.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].

Veke 24

Tysdag 9. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Tallinn.

Tema for møtet er mellom anna sikkerheit og forsvarssamarbeid, utvikling av forsvarsindustrien, Ukraina-støtte og kunstig intelligens.

Presse som ønskjer å dekkje møtet finn lenkje til akkreditering på denne nettsida. Fristen for akkreditering er 22. mai.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Veke 28

Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Tore O. Sandvik deltek på Nato-toppmøtet i Ankara i Tyrkia 7. og 8. juli 2026.

Fristen for akkreditering til Nato er 7. juni. Søk om akkreditering her.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Pressekontakt for utanriksministeren er Ane Haavardsdatter Lunde, telefon 97 67 12 50, e-post [email protected].

Pressekontakt for forsvarsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post [email protected].

Government of Norway published this content on May 22, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 22, 2026 at 13:21 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]