Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway

05/12/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/12/2026 03:45

Revidert nasjonalbudsjett: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre

Drift og vedlikehald sin del av løyvinga til vegformål har auka frå 18 prosent i 2020 til 24 prosent i 2026.

- Meir vedlikehald av vegane våre gir ein betre og tryggare reisekvardag for folk, og konkurransekraft for næringslivet. Vi får meir klimarobuste vegar, noko som òg er viktig for militær mobilitet. Difor held Arbeiderparti-regjeringa fram med satsinga på at vegane vi har held god standard, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Et meir robust vegnett

Regjeringa følgjer opp Plan for Noreg og Nasjonal transportplan ved å prioritere meir pengar til drift og vedlikehald av riksvegane. Gode og pålitelege vegar er avgjerande for militær mobilitet og nasjonal beredskap, samstundes som dei sikrar effektiv transport og betre konkurransekraft for næringslivet. Denne satsinga reduserer sårbarheit, gir betre framkome og bidreg til verdiskaping i heile landet.

Det er særleg behov for tiltak i tunnelar, utbetring av vegdekke, tiltak på strekningar som er viktige for militær mobilitet, og oppgradering av rasteplassar og servicebygg.

- Arbeidarparti-regjeringa prioriterer tiltak som tryggjer landet og gir meir for pengane. Vi prioriterer ansvarleg og effektivt i ei uroleg tid. Godt vedlikehald av vegane våre er ansvarleg bruk av pengar. Det er billegare i drift, førebyggjer skadar og reduserer framtidige kostnader, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway published this content on May 12, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 12, 2026 at 09:46 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]