Ministry of Education and Research of the Kingdom of Norway

04/07/2025 | Press release | Distributed by Public on 04/06/2025 22:06

Regjeringa gir 61 millionar til bransjeprogram – skreddarsydd og gratis utdanning

Regjeringa gir 61 millionar til bransjeprogram - skreddarsydd og gratis utdanning

Pressemelding | Dato: 07.04.2025 | Kunnskapsdepartementet

Regjeringa deler no ut pengar til korte og relevante etter- og vidareutdanningar i fire bransjar. Dei tilsette skal få viktig påfyll, og bedriftene den kompetansen dei treng.

- Mangelen på kompetent arbeidskraft kan ikkje berre løysast ved å utdanne fleire - kompetansepåfyll til dei som allereie er i jobb er minst like viktig. No får endå fleire fagfolk oppdatert kunnskap tilpassa eit raskt skiftande arbeidsliv. Bransjeprogramma er livslang læring i praksis, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Det partssamansette Kompetansereformutvalet, som leverte sin rapport i januar, meiner at bransjeprogramma er eit godt døme på kompetanseutvikling, direkte knytt til behova i arbeidslivet.

Desse bransjane får pengar i 2025

Bransje

Tal på prosjekt

Totalsum

Industri- og byggenæringa

14

kr 19 348 557

Solkraftbransjen

9

kr 19 607 308

Informasjonstryggleik- og IKT-bransjen

9

kr 11 867 645

Finansnæringa

5

kr 10 130 047

Helse- og omsorgstenestene

49 søknader under behandling

To nye bransjeprogram i år

Det er partane i arbeidslivet som har foreslått kva for bransjar som bør ha bransjeprogram. Programma innanfor solkraftbransjen og helse- og omsorgstenestene er nye, og får sine første tildelingar i år.

- Tett samarbeid med arbeidslivet er heilt avgjerande for at utdanningstilboda treff behova. Når partane i arbeidslivet saman peikar på kva kompetanse som trengst, treff vi betre, seier Aasland (Ap).

Utbygging av solkraft er viktig for å få meir fornybar energi. Bransjen har opplevd rask vekst, som gir behov for ny og oppdatert kompetanse framover.

Helse- og omsorgstenestene har eit stort og aukande kompetansebehov, mellom anna på grunn av fleire eldre, nye behandlingsformer og meir digitalisering. Bransjeprogrammet skal bidra til å styrke kompetansen hos dei tilsette og sikre betre tenester til innbyggarane. Bransjeprogrammet for helse- og omsorgstenestene har tildeling i slutten av april 2025.

Spleiselag for bransjar i omstilling

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som forvaltar ordninga, mottek totalt 140 søknader i år. Det er ein stor auke frå i fjor.

- Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten gir tilskot til fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar som utvikle og drifte relevante tilbod. Verksemdene og den einskilde tilsette investerer si tid, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.

Målet er at tilsette, permitterte og ledige i bransjar med særleg behov for endring får nødvendig kompetanse til å meistre nye oppgåver, og dermed blir i jobben.

- Bransjeprogramma er populære og treff godt. Samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får utvikla korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i kvar einskild bransje, seier Skule.

Aktive bransjeprogram i 2025

  • Finansnæringa (2024-2026)

  • Informasjonssikkerheit og IKT-bransjen (2024-2026)

  • Solkraftbransjen (2025-2027)

  • Industri- og byggenæringa (tredje periode 2025-2027)

  • Helse- og omsorgstenestene (2025-2027)

Kva er eit bransjeprogram?

Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar. Gjennom bransjeprogramma kan tilsette, permitterte og arbeidsledige få gratis kurs og utdanning. Målet er å sikre kompetanseutvikling i tråd med behovet i bransjane, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv. Opplæringstilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.

Kvart bransjeprogram får tilskot i tre år. Tilbydarar av opplæring kan søke om tilskot, men må dokumentere samarbeid med arbeidslivet.