Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway

05/13/2025 | News release | Distributed by Public on 05/13/2025 09:18

Nordisk samarbeid om strategi for grensekryssande militær mobilitet, beredskap og forsyningstryggleik

Nordisk samarbeid om strategi for grensekryssande militær mobilitet, beredskap og forsyningstryggleik

Nyheit | Dato: 13.05.2025 | Samferdselsdepartementet

I lag med sine nordiske kollegaer deltok samferdselsminister Jon-Ivar Nygård denne veka på nordisk transportministermøte i Helsingfors, der dei tok eitt viktig skritt vidare i arbeidet med å styrke transportsamarbeidet.

På møteagendaen i den finske hovudstaden sto blant anna vidare framdrift for samarbeidet om å styrkje grensekryssande samband i Norden, slik at dei på ein betre måte kan dekke både sivile og militære behov for transport.

Enda tettare transportsamarbeid i Norden

- Den geopolitiske utviklinga dei siste åra har naturleg nok gitt grensekryssande transportsamband enda høgare prioritet på dei nordiske transportministermøta. Vi har eit godt samarbeid, og på samlinga i Helsingfors tok vi eitt viktig skritt vidare. Eg siktar då i første rekkje til at at alle transportministrane har starta arbeidet med å utarbeide ein felles nordisk strategi for for grensekryssande militær mobilitet, beredskap og forsyningstryggleik, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Strategien skal ta utgangspunkt i transportplanane til dei enkelte nordiske landa, og arbeidet er allereide i gang. Det er etablert eit tett nordisk samarbeid på etatsnivå gjennom Nordic Transport Preparedness Cooperation, som har fått i oppdrag å utarbeide eit felles kunnskapsgrunnlag til bruk i strategiarbeidet. Vidare har Noreg no formannskapet i ei fast arbeidsgruppe der alle dei nordiske transportdepartementa er representerte. Arbeidet med den felles nordiske strategien er hovudoppgåva til arbeidsgruppa i 2025.

Felles uttale frå transportministrane

Etter møtet i Helsingfors blei det lagt fram ein felles uttale frå dei nordiske transportministrane. Her går det fram at ministrane er einige om behovet for å:

  • identifisere, framheve og ta omsyn til grensekryssande militær mobilitet, sivil beredskap og forsyningstryggleik i den felles nordiske beredskapsstrategien
  • å ta omsyn til behovet for beredskap og forsyningstryggleik i dei einskilde landas planlegging av eige nasjonale transportsystem.

Dette arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med forsvarsministrane i dei respektive landa. I uttalen framhev transportministrane óg viktigheita av både nordisk samarbeid og kunnskapsdeling om vertslandsstøtte i NATO-samanheng

Meir samhandling mellom transport- og forsvarssektoren

På norsk side styrkte regjeringa i desember 2024 samarbeidet mellom transport- og forsvarssektoren gjennom eit nytt rammeverk for samhandling om militære behov for transportinfrastruktur. Dette inkluderte etablering av ein fast faggruppe som årleg skal utarbeide ein analyse av forsvarssektorens transportbehov til bruk i transportplanlegginga. Den første behovsanalysen skal vere klar i juni 2025.

På 80-årsdagen for frigjøringsdagen 8. mai 1945, la regjeringa fram Noregs første nasjonale tryggleiksstrategi, som innheld tre strategiske hovudprioriteringar. Noreg skal raskt styrkje forsvarsevna, gjere samfunnet meir motstandsdyktig og styrke vår økonomiske tryggleik.

- Gode transportsamband er ein grunnlegjande føresetnad for både sivil og militær beredskapsevne, og er derfor avgjerande for å kunne følgje opp den nasjonale tryggleiksstrategien. Samtidig er vi i kvardagen og i sivilsamfunnet heilt avhengig av gode transportårer til og frå landet, og samarbeidet med våre NATO-allierte i Norden bygger opp om dette, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar - sjå:

Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway published this content on May 13, 2025, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 13, 2025 at 15:18 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at support@pubt.io