07/11/2025 | Press release | Distributed by Public on 07/11/2025 00:19
Verdas matvareprogram (World Food Program, WFP) er den største humanitære organisasjonen i verda som arbeider for å redde liv og kjempe mot svolt. Dei gir matvarehjelp i krisesituasjonar og støttar langsiktig innsats for å sikre matsikkerheit og utvikling.
- Noreg gir derfor 25 millionar kroner til akutt humanitær innsats for svoltramma i Sør-Sudan og 15 millionar kroner til Haiti, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Tilstrøyminga av over ein million flyktningar frå Sudan som følgje av konflikten der, kombinert med oppblussing av intern konflikt i Sør-Sudan, har gjort situasjonen prekær i delar av landet. Den særs kritiske humanitære situasjonen i Sør-Sudan er eit resultat av ei politisk skapt krise.
- Situasjonen i Sør-Sudan er svært alvorleg. Over halvparten av befolkninga er ramma av svolt og matmangel. Heile 83 000 menneske lever no under tilhøve som liknar hungersnaud, fortel utviklingsministeren.
Situasjonen er forverra av at sørsudanske styresmakter hindrar effektiv levering av humanitær hjelp ved å leggje restriksjonar som bryt med humanitære prinsipp.
Det er urovekkjande at så mange svelt allereie no ved starten av regntida. Tidlegare år har mange fleire fått det vanskeleg etter kvart som regnet fører til storflaum, noko som igjen rammar avlingar og tilgangen på mat. Samstundes gir mange land mindre til humanitær støtte enn tidlegare. Norsk humanitær støtte held fram med å redde liv, lindre naud og verne menneske i krise.
Den totale norske humanitære støtta til Sør-Sudan for 2025 utgjer per 9. juli 147,7 millionar kroner. Om lag halvparten er fordelt gjennom FN-systemet og Røde Kors-rørsla (IOM, ICRC, FNs humanitære landfond og WFP). Den andre halvparten går til dei norske humanitære organisasjonane som er aktive i Sør-Sudan: Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp og Caritas.
I tillegg til midlane til Sør-Sudan er det løyvd støtte til Haiti. 15 millionar kroner blir tildelt WFP som eit svar på det aukande talet på personar i hungersnaud og den alvorlege matvarekrisa i landet.
- Den politiske valden og uroa på Haiti fører til at dei humanitære behova aukar kraftig, seier Aukrust.
Den totale norske humanitære støtta til Haiti er per juli i år planlagt til 23 millionar kroner, fordelt mellom WFP og Norges Røde Kors.