Government of Norway

02/21/2026 | Press release | Distributed by Public on 02/21/2026 05:49

Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 9

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 23. februar

Kl. 15.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Sør-Varanger Ap, LO Troms og Finnmark og Greentech AS. Tema for møtet er nettsituasjonen i Finnmark. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Tysdag 24. februar

Kl. 10.30: Energiminister Terje Aasland besøkjer Gresslifoss kraftverk i Tydal i Trøndelag, der han får ei orientering om den nyleg gjennomførte oppgraderinga av kraftverket. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Onsdag 25. februar

Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på den årlege energikonferansen til Sparebank 1 Markets. Konferansen går føre seg på Grand Hotel i Oslo. Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Mathias Rongved, telefon 97 56 52 58, e-post [email protected].

Fredag 27. februar

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek på ein arbeidsfrukost med EU-landa sine ambassadørar til Noreg. Tema for møtet er samarbeidet mellom Noreg og EU, og aktuelle energipolitiske saker. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mathias Rongved, telefon 97 56 52 58, e-post [email protected].

Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Herøya, der han skal ha møte med prosessindustrien i Grenland. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Government of Norway published this content on February 21, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on February 21, 2026 at 11:50 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]