Government of Norway

04/23/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/23/2026 07:31

Sigrid Agnethe Hansen får Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar 2026

Sigrid Agnethe Hansen er journalist og forfattar frå Harstad. Ho jobbar som programleiar og produsent i NRK Troms.

Juryen trekkjer fram at Hansen oppmuntrar til meir nynorsk og hjelper dei som vil prøve seg i redaksjonen. Slik opnar ho døra til journalistikk på nynorsk for fleire. Juryen meiner det trengst, ikkje minst i Nord-Noreg, og at det gjer prisvinnaren til ei viktig nynorskstemme.

Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Blant prisvinnarane er Linda Eide, Ronny Brede Aase, Arill Riise og Ingvild Bryn. I fjor gjekk prisen til Olav Johannes Bøthun og Tor Folgerø i avisa Hallingdølen. Årets prisvinnar er den første frå eit distriktskontor i NRK.

Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Sidan starten i 2006 har NRK Nynorsk mediesenter vore sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Det er ein eigen, uavhengig jury for nynorskprisen for journalistar. I juryen sit Jens Kihl (leiar), Unn Røyneland og Arill Riise.

Den høgtidlege utdelinga skjer under dei nynorske festspela i Aasentunet 12. juni. Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Les meir på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter - info.nrk.no

Government of Norway published this content on April 23, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on April 23, 2026 at 13:31 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]