Results

Government of Norway

05/04/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/04/2026 05:23

Presseinformasjon: Utanriksministeren til Natos utanriksministermøte i Helsingborg

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek 21. og 22. mai på Natos utanriksministermøte i Helsingborg - eit historisk møte i alliansen med svensk vertskap for første gong.

Møtet blir innleidd med ein uformell arbeidsmiddag torsdag 21. mai i Nato/Ukraina-rådet. Det svenske kongeparet og statsminister Ulf Kristersson vil vere til stades. Det er òg venta at Ukrainas utanriksminister Andrij Sybiha, EUs utanrikssjef Kaja Kallas og USAs utanriksminister Marco Rubio deltek.

Møtet i Natos råd finn stad fredag 22. mai. Her vil førebuingar til toppmøtet i Ankara til sommaren vere eitt av hovudtemaa. I tillegg er det venta diskusjonar om korleis europeiske allierte og Canada skal bidra til byrdeskiftet i alliansen og diskusjonar om framleis militær støtte til Ukraina.

Nederland og Estland har invitert til frukostmøte mellom alle dei nordiske og baltiske landa, og Benelux-landa Belgia og Luxembourg 22. mai. Her vil det vere fokus på støtta til Ukraina, byrdeskiftet og dessutan styrking av europeisk industri og transatlantisk industrisamarbeid med USA.

Utanriksminister Eide vil vere tilgjengeleg for pressa.

Frist for pressa til å akkreditere seg til møtet er 6. mai. Les meir på Nato sine sider om møtet.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, [email protected], +47 97 67 12 50 (med på reisa).

Government of Norway published this content on May 04, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 04, 2026 at 11:24 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]