Government of Norway

05/26/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/26/2026 06:03

Send innspel til kva eit høgrisiko KI-system skal vere innan 23. juni

Hovuddelen av KI-forordninga gjeld KI-system med høg risiko. Korleis veit du om KI-systemet du vil utvikle eller ta i bruk fell inn under kategorien høg risiko? No har EU-kommisjonen sendt utkast til retningslinjer for å klassifisere KI-system på høyring, og du kan gje innspel.

- Regjeringa ønskjer å innføre KI-forordninga i norsk lov og sikre like rammevilkår for norske verksemder som dei europeiske Derfor er det positivt at norske verksemder får hjelp til å finne ut kva for krav som gjeld for KI-systemet dei vil utvikle eller ta i bruk. Eg oppmodar alle interesserte til å gå gjennom utkastet til retningslinjene og vurdere om det trengst meir eller tydelegare informasjon, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Kommisjonen la i november i fjor fram forslag om forenklingar i KI-forordninga i sin digitale omnibus. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har tidlegare gitt innspel til EU sitt KI-kontor om at retningslinjene er utfyllande og praktiske.

Kva inneheld retningslinjene?

Utkastet til retningslinjer er på over 160 sider til saman. Denne samlesida med oppsummering og praktiske eksempel gir ei pedagogisk sjekkliste for å vurdere om KI-systemet er høgrisiko. I tillegg er det gitt mange praktiske eksempel på dei to gruppene av høgrisikosystem

  1. KI-system som er eit produkt i seg sjølv eller ein sikkerheitskomponent i eit fysisk produkt som lista opp i vedlegg I til KI-forordninga High-risk AI in regulated products | AI Act Service Desk
  2. KI-system som er meint til å bli brukt innanfor åtte kritiske bruksområde, som lista opp i vedlegg III til KI-forordninga High-risk use cases in certain sensitive areas | AI Act Service Desk
    • Biometri
    • Kritisk infrastruktur
    • Utdanning og yrkesretta opplæring
    • Arbeidsliv
    • Tilgang til og utnytting av vesentlege private tenester og vesentlege offentlege tenester og ytingar
    • Rettshandheving
    • Migrasjons-, asyl- og grensekontrollforvaltning
    • Rettspleie og demokratiske prosessar

Korleis kan du gje innspel til utkastet til retningslinjer?

Digitaliserings- og forvaltningsepartmentet oppmodar alle interesserte til å gje tilbakemelding på utkastet til retningslinjer. Du kan velje dei områda du er mest interessert i og særleg leggje vekt på om det er behov for å:

  • Avklare eller utdjupe enkelte kapittel eller avsnitt for å kunne ta i bruk retningslinjene
  • Leggje til eller fjerne eksempel

Fristen for å gje innspel direkte til kommisjonen er 23. juni 2026.

Reglane om KI-system med høg risiko vil gjelde i EU frå 2. august 2028 for den første gruppa og frå 2. desember 2027 for den andre gruppa med KI-system. Dette vart bestemt då institusjonane i EU vart einige om å forenkle KI-forordninga 7. mai i år. Målet med utsettinga er å få på plass harmoniserte standardar og anna støtte til verksemdene før reglane trer i kraft.

I Noreg vil reglane om høgrisiko først gjelde etter at lov om kunstig intelligens er vedtatt av Stortinget. Regjeringa sendte eit lovforslag på høyring i fjor sommar, sjå høyringsnotatet og høyringssvara på https://www.regjeringen.no. No arbeider departementet med å førebu ein lovproposisjon til Stortinget. Når endringane i omnibus er kunngjort, vil dei bli sendt på høyring.

Målet er at norske reglar skal kunne tre i kraft så raskt som mogleg etter at KI-forordninga med dei vedtatte endringane er tekne inn i EØS-avtalen.

Government of Norway published this content on May 26, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 26, 2026 at 12:03 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]