01/10/2025 | Press release | Distributed by Public on 01/10/2025 04:42
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 13. januar
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland møter KS til bilateralt konsultasjonsmøte. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Kl. 15.15: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med Røros kommune. Tema for møtet er kraftsituasjonen i regionen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Tysdag 14. januar
Energiminister Terje Aasland deltek på Olje- og energipolitisk seminar, der han taler om lag kl. 13.10. Konferansen går føre seg på Scandic Park Sandefjord. Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].
Onsdag 15. januar
Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland innleier på eit møte for pensjonistar i Fellesforbundet i Telemark. Møtet går føre seg i Porsgrunn. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Torsdag 16. januar
Energiminister Terje Aasland besøkjer Hadeland. Tema for besøket er fjernvarme og bioenergi. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 08.30: Statsråden besøkjer Sagparken på Harestua, der han får ein introduksjon til Bioreg Hadeland og Lunner Almenning. Han får også ei omvising på Sagparken og Lunner Almennings tømmer- og flisterminal, for å sjå korleis dei brukar biobasert fjernvarme.
Kl. 09.30: Statsråden besøkjer Gran sentrum, der han får ei omvising på det flisbaserte varmeanlegget til Solør Bioenergi.
Kl. 10.00: Statsråden møter bioenergibedrifter og kommunane i Hadelandsregionen til "Bioenergisamråd". Tema for møtet er "Kraft til elektrifisering - biovarme/fjernvarme til oppvarming, og avlastning av kraftnettet". Møtet går føre seg på Hadeland videregående skole.
Kl. 11.30: Statsråden får ei orientering om Hadeland og Ringerike avfallselskap sitt arbeid med avfallsbehandling og biogassproduksjon. Møtet går føre seg på Hadeland videregående skole.
Kl. 12.00: Statsråden besøkjer G3 Gran Tre i Mohagan på Jaren, der han får ei omvising på sagbruket. Han får også ei orientering om korleis dei produserer og brukar biovarme, og om levering av overskotsvarme frå Miljøvarme Hadeland til fjernvarmenettet i Mohagen industriområde. Statsråden skal også opne den nye biovarmesentralen til G3 Gran Tre.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post [email protected].