11/07/2025 | Press release | Distributed by Public on 11/07/2025 11:32
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 10. november
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.
Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post [email protected].
Torsdag 13. november
Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer teknologiselskapet Muzziball As, som har utvikla ein sanseball som er eit pedagogisk hjelpemiddel for mellom anna barn og demente. Verksemda har fått EU-støtte under Women TechEU-programmet for kvinnelege gründarar. Adresse: Dusavikveien 35, Stavanger.
Ca. Kl. 19.20: Statsministeren taler på «Årets bedrift 2025» i regi av Næringsforeningen i Stavanger. Adresse: Atlantic Hall, Olav Vs gate 3, Stavanger.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Fredag 14. november
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Sjøkrigsskolen i Bergen og får mellom anna teste ein navigasjonssimulator i lag med nokre av kadettane. Han får også ei orientering om korleis Sjøkrigsskolen vil auke kapasiteten i utdanninga som følgje av forsvarsløftet. Adresse: Sjøkrigsskoleveien 32, Laksevåg.
Presse som vil dekkje besøket må melde seg til Vanessa Hilland, [email protected], telefon 99 23 00 97. Oppmøte seinast kl. 11.30.
Kl. 14.45: Statsministeren taler på årskonferansen til Bergen Næringsråd. Adresse: Grieghallen, Bergen.
Kl. 15.30: Statsministeren møter Stiftelsen HMM Helsehjelp Ukraina, ein frivillig organisasjon som hjelper sanitetsforsvaret ved frontlinja i Ukraina med medisinsk støtte. Adresse: Salong Nina, 3. etasje i Grieghallen, Bergen. Etter møtet får statsministeren sjå ein mobil klinikk som skal sendast til Ukraina.
Kl. 18.30: Statsministeren deltek på årsmiddagen til Bergens Næringsråd. Adresse: Grieghallen, Bergen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].