04/28/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/28/2026 01:06
Ytrehus har arbeidd i Statens havarikommisjon i over 20 år og kjem frå stillinga som konstituert direktør, og tidligere avdelingsdirektør for vegtrafikk og landforsvar. Ho har brei erfaring med undersøking av alvorlege hendingar, og med utvikling av tryggleik og læring på tvers av transportsektorane.
- Med Ytrehus har Statens havarikommisjon fått ein direktør med svært gode føresetnader for å leie kommisjonen i ei tid der tryggleik og beredskap er særleg viktig for samfunnet. Ho kombinerer fagleg tyngd med inngåande kjennskap til kommisjonen sitt samfunnsoppdrag, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Statens havarikommisjon har ansvar for å undersøkje ulykker og alvorlege hendingar innan luftfart, vegtrafikk, jernbane, sjøfart, romverksemd, fornøyelsesinnretningar, taubanar og forsvarssektoren. Målet er å klarleggje årsaksforhold og gi tryggingstilrådingar som kan førebyggje nye ulykker. Kommisjonen er eit uavhengig organ og tek ikkje stilling til sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar.
Ytrehus er utdanna sivilingeniør med mastergrad i industriell økonomi og teknologileiing frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Ho har tidlegare vore havariinspektør og seniorrådgjevar i havarikommisjonen, og har hatt leiarroller med ansvar for både fagutvikling og koordinering.
Ho tek over stillinga etter William J. Bertheussen som går av med pensjon.
Sjå nettsida til Statens havarikommisjon for fleire opplysningar.