Government of Norway

05/27/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/27/2026 00:24

Reinsekrav frå 1991 er ikkje godt nok gjennomført i Noreg

Ein ny gjennomgang syner at Noreg ikkje har gjennomført alle delar av EUs avløpsdirektiv godt nok. Regjeringa vil rette opp manglar og gjere regelverket tydelegere.

- Vi skal følgje EØS-reglane vi har forplikta oss til. Difor har eg bede om ein gjennomgang av den norske gjennomføringa av avløpsdirektivet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Klima- og miljødepartementet har no gått gjennom måten Norge har gjennomført EUs regler for reinsing av avløpsvatn. Dette vil seie at departementet har sjekka om reglane i avløpsdirektivet er tatt inn i norske lover og reglar på riktig måte. Gjennomgangen syner at mykje er gjort riktig, men at det også finst nokre mangler i regelverket.

Kva er utfordringa?

Avløpsdirektivet frå 1991 blei gjennomført i norsk rett på 2000-talet og skal verne naturen mot ureining frå avløpsvatn.

Gjennomgangen syner blant anna at

  • nokre reinsekrav er definert annleis i Noreg enn i EU
  • enkelte fristar har vort lenger enn i EU
  • det ikkje er tydeleg nok når det skal stillast krav om å fjerne nitrogen

Gjennomgangen gir ikkje grunnlag for å fastslå at måten direktivet blei gjennomført på er årsaka til dagens utfordringar med avløpsreinsing i Noreg, men det kan ikkje utelukkast å ha hatt ein viss innverknad.

Vil rette opp

Miljøstyresmaktene har over tid styrka innsatsen på avløpsområdet. Dette har gitt betre reinsekapasitet og auka oppfylling av krava. Likevel er det framleis mange anlegg som ikkje oppfyller krava i direktivet og det er framleis behov for styrkt innsats.

Regjeringa vil nå følgje opp funna fra kartlegginga.

- Vi vil følgje opp funna og gjere reglane tydelegare. Vi skal også sørge for veiledning før endringane i regelverket er på plass, seier Bjelland Eriksen.

Regjeringa varsla i fjor at Noreg skal gjennomføre nye reinsekrav frå EU. Dette vil krevje ei endring av norsk regelverk. Manglane som no er identifisert, vil bli følgt opp i dette arbeidet.

Om avløpsdirektivet fra 1991

  • Avløpsdirektivet frå 1991 skal redusere ureining frå avløpsvatn og hindre overgjødsling i vatn.
  • Noreg er forplikta til å følgje direktivet gjennom EØS-avtalen.
  • Hovedregelen i direktivet er at avløpsvatn skal gjennomgå sekundærreinsing, som fjernar organisk materiale.
  • Direktivet åpnar også for å stille mindre strenge krav til reinsing i nokre tilfelle. Då blir det stilt krav om primærreinsing, som fjernar partiklar frå avløpsvatnet.
  • I nokre tilfelle krev direktivet at det må stillast strengare krav til reinsing for å verne sårbare vassområde. Til dømes blir det stilt krav om nitrogenfjerning for utslepp til Oslofjorden.
Government of Norway published this content on May 27, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 27, 2026 at 06:24 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]