04/30/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/30/2026 07:13
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Fredag 1. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek gjennom dagen på markeringar av den internasjonale arbeidardagen i Sulitjelma.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Signe Ramson Høie, telefon 41 36 68 85, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post [email protected].
Måndag 4. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Jerevan i Armenia. EPC er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. I EPC vert politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål av felles interesse drøfta i ein brei europeisk samanheng. Fristen for presseakkreditering er gått ut.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post [email protected].
Tysdag 5. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland har invitert næringslivsleiarar til innspelsmøtet «Tryggleik for landet: Arbeidsplassar, verdiskaping og stabile leveransar av olje og gass til Europa» i Baker Hughes lokale i Stavanger. Adresse: Sothammargeilen 3, Stavanger.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post [email protected].
Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].
Fredag 8. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjerings- og veterandagen.
Statsministeren vil tale under hovudseremonien på Festningsplassen ved Akershus festning klokka 15.00. Sjå program for markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai og informasjon om akkreditering her.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post [email protected].