05/27/2025 | Press release | Distributed by Public on 05/27/2025 03:05
Korleis kan ikkje-digitale pasientar få tilgang til digitale helsetenester på ein trygg og personvernvenleg måte? Det er spørsmålet Akershus universitetssykehus (Ahus) har utforska saman med Datatilsynet i den regulatoriske sandkassa. 28. mai blir det lanseringswebinar.
Tid: Onsdag 26. mai 2025, kl. 14.00-14.45
Stømming: Lenke til webinaret vil du finne her på dagen for arrangementet
Digital heimeoppfølging kan lette kapasitetstrykket på sjukehusa, når vi får stadig fleire eldre og kronisk sjuke, samtidig som helsepersonell blir ein knapp ressurs. Men å tilby digital heimeoppfølging til pasientar som ikkje sjølv er digitale, er ikkje utan personvernutfordringar.
I sandkassa har Ahus sett på korleis dei kan sikre personvernet til pasientane i ei fullmaktsløysing for heimeoppfølginga.
Parallelt har Regjeringa gitt midlar til arbeid med å utvikle ei nasjonal, digital fullmaktsløysing, som skal gjere det muleg for ikkje-digitale innbyggjarar å la seg representere av andre i digitale tenester. Rapporten frå sandkasseprosjektet vil kunne være eit nyttig innspel i det arbeidet.
Sjå rapporten "Fullmakt til bedre personvern"
Webinaret presenterer hovedfunna, inkludert vurderingar knytta til rettsleg grunnlag, samtykke, tilgangsstyring og sporbarheit. Vi vil mellom anna snakke om fordelar og ulemper ved sentraliserte versus lokale fullmaktsløysingar, i tillegg til utfordringar for pasientar utan samtykkekompetanse.
1400 - Velkomen
1405 - Problemstillinga
1415 - Hovedfunn
1430 - Vegen vidare
1445 - Avslutning
senior kommunikasjonsrådgiver
seniorrådgiver, samfunnsviter