Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

03/20/2026 | Press release | Distributed by Public on 03/20/2026 04:31

Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec

- Norec har sentrale oppgåver i norsk utviklingspolitikk. Gjennom støtte til utveksling og rekruttering til internasjonale organisasjonar bidreg Norec til å byggje tillit mellom individ, organisasjonar og over landegrenser, i ei tid der den globale tilliten er under press. Eg er glad for at Marit Lofnes Mellingen har sagt ja til å leie og vidareutvikle Norec framover, i ei tid med store endringar for norsk utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Mellingen kjem frå stillinga som direktør for Distriktssenteret, Kompetansesenter for distriktsutvikling, der ho har vore i seks år. I tillegg har ho erfaring frå mellom anna Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), Norge.no og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

- Eg er veldig glad for å ha fått denne tilliten. Norec har eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag. Eg ser fram til å bli ein del av laget og få jobbe saman med alle dei dyktige medarbeidarane i organisasjonen, seier Marit Lofnes Mellingen.

Norec ligg i Førde og er ein del av den samla innsatsen for å realisere dei overordna måla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk. Norec er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid gjennom utveksling av personell og kompetanse, og bidreg til arbeidet med å styrkje norsk representasjon i internasjonale organisasjonar, mellom anna gjennom rekruttering og oppfølging av norske kandidatar.

Stillinga som direktør for Norec er eit åremål på seks år, med moglegheit for forlenging i ein periode. Mellingen vil tiltre i august 2026.

Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway published this content on March 20, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on March 20, 2026 at 10:31 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]