10/10/2025 | Press release | Distributed by Public on 10/10/2025 05:50
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 13. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades under trontaledebatten i Stortinget. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 15. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på framlegginga av statsbudsjettet. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 17.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held ei innleiing for «Skift - Næringslivets klimaledere». Stad: KLP sine lokalar, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Måndag 13. oktober
Kl. 13.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har, saman med statssekretær Stine Renate Håheim, eit dialogmøte med organisasjonar frå sivilt samfunn om utviklingspolitikken i ei ny tid: Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 16.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust er til stades under trontaledebatten i Stortinget. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 15. oktober til fredag 17. oktober
Utviklingsminister Åsmund Aukrust deltek på Verdsbanken sitt årsmøte. Stad: Washington D.C., USA.
Statssekretær Maria Varteressian
Onsdag 15. oktober til fredag 17. oktober
Maria Varteressian reiser til Reykjavik for å delta på «Arctic Circle Assembly 2025» og ha bilaterale møte.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Fredag 17. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter YATA Tromsø, det nordlegaste lokallaget i YATA Noreg. Lokallaget består hovudsakleg av studentar. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Måndag 13. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har, saman med utviklingsminister Åsmund Aukrust, eit dialogmøte med organisasjonar frå sivilt samfunn om utviklingspolitikken i ei ny tid: Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 14. oktober
Kl. 11.00: Statssekretær Stine Renate Håheim held ein appell i samband med årets TV-aksjon som er tildelt Atlas-alliansen. Stad: Deichman Bjørvika.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 18.00: Statssekretær Stine Renate Håheim deltek i ein panelsamtale om rettane til personar med funksjonsnedsetting i Palestina under arrangementet «Stemmer fra Palestina - Gå for Gaza». Arrangør er Norges Handikapforbund. Stad: Melahuset, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.