04/23/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/23/2026 07:31
Juryen trekkjer fram at Hansen oppmuntrar til meir nynorsk og hjelper dei som vil prøve seg i redaksjonen. Slik opnar ho døra til journalistikk på nynorsk for fleire. Juryen meiner det trengst, ikkje minst i Nord-Noreg, og at det gjer prisvinnaren til ei viktig nynorskstemme.
Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Blant prisvinnarane er Linda Eide, Ronny Brede Aase, Arill Riise og Ingvild Bryn. I fjor gjekk prisen til Olav Johannes Bøthun og Tor Folgerø i avisa Hallingdølen. Årets prisvinnar er den første frå eit distriktskontor i NRK.
Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Sidan starten i 2006 har NRK Nynorsk mediesenter vore sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar. Det er ein eigen, uavhengig jury for nynorskprisen for journalistar. I juryen sit Jens Kihl (leiar), Unn Røyneland og Arill Riise.
Den høgtidlege utdelinga skjer under dei nynorske festspela i Aasentunet 12. juni. Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk.
Les meir på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter - info.nrk.no