Results

Government of Norway

05/30/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/30/2026 04:48

Statsministerens program veke 23

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 1. juni

Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre held opningsinnlegget ved World Expression Forum (WEXFO) på Lillehammer. Konferansen samlar ekspertar og fagfolk som diskuterer ytringsfridom, teknologi, KI, desinformasjon og offentleg ordskifte. Stad: Scandic Lillehammer Hotel.

Statsministeren deltek også i ein panelsamtale med fredsprisvinnar Maria Resa. Samtalen bli moderert av Hanne Skartveit.

Som ein del av reisa si i Innlandet besøkjer statsministeren også Fagskolen i Gjøvik og Gudsås gard på Furnes.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post [email protected].

Tysdag 2. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Sandnessjøen og Herøy.

Kl. 09.15: Statsministeren møter elevar frå Sandnessjøen på inspirasjonsmøte for unge, og elevar som deltek på Ungt entreprenørskap. Han deltek og på leverandørseminaret i forkant av Offshore Nordland. Stad: Scandic Syv Søstre.

Kl. 11.30: Statsministeren taler på opninga av Offshore Nordland-konferansen. Han deltek også i ein panelsamtale om geopolitikkens tyding for næringslivet. Stad: Kulturbadet i Sandnessjøen.

Kl. 14.30: Statsministeren møter elevar og tilsette på Herøy skole. Stad: Sør-Herøyveien 158, Herøy.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post [email protected].

Onsdag 3. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Vågan og Henningsvær.

Kl. 09.45: Statsministeren besøkjer Gimsøystraumen rasteplass i Kleppstad, der han får høyre om kommunar i regionen som samarbeider om kartlegging av marint mangfald.

Kl. 16.00: Statsministeren drar på fisketur med ungdom i Henningsvær.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post [email protected].

Fredag 5. juni

Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre, næringsminister Cecilie Myrseth og finansminister Jens Stoltenberg har invitert representantar frå gründer- og oppstartsmiljø og risikokapitalaktørar til innspelsmøte om økt konkurransekraft for framtidas næringsliv.

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Første del av møtet er lukka. Media kan vere til stades frå kl. kl. 14.00, under oppsummeringa til statsministeren og andre møtedeltakarar. Det vert høve til å stille spørsmål.

Presse som ønskjer å vere til stades, må akkreditere seg i skjemaet nedanfor innan torsdag 4. juni kl. 15.00.

Akkreditert presse må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med gyldig legitimasjon og pressekort.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post [email protected].

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar David Tvetene, telefon 47 27 26 79, e-post [email protected].

Pressekontakt for finansministeren er kommunikasjonssrådgivar Mark S. Berger, telefon 91 60 04 44, e-post [email protected].

Veke 24

Tysdag 9. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Tallinn.

Tema for møtet er mellom anna sikkerheit og forsvarssamarbeid, utvikling av forsvarsindustrien, Ukraina-støtte og kunstig intelligens.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Torsdag 11. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Brussel og møter Europakommisjonens president Ursula von der Leyen. Det er mogeleg å fotografere før møtet mellom Støre og von der Leyen. Media som ønsker akkreditering til kommisjonen må registrere seg for eit dagspass for media. I tillegg må media ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg ved Norges delegasjon til EU, Hilde Sandvær, e-post [email protected], telefon +32 477 86 04 01 innan 9. juni 12.00.

Seinare på dagen møter statsministeren Natos generalsekretær Mark Rutte. Media utan årleg akkreditering som ønsker å dekkje arrangementet, må sende e-post til [email protected] innan fredag 5. juni. E-posten må innehalde fullt namn, fødselsdato, redaksjon og kopi av pass.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Veke 28

Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Tore O. Sandvik deltek på Nato-toppmøtet i Ankara i Tyrkia 7. og 8. juli 2026.

Fristen for akkreditering til Nato er 7. juni. Søk om akkreditering her.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Pressekontakt for utanriksministeren er Ane Haavardsdatter Lunde, telefon 97 67 12 50, e-post [email protected].

Pressekontakt for forsvarsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post [email protected].

Government of Norway published this content on May 30, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on May 30, 2026 at 10:49 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]