05/30/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/30/2026 04:40
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 1. juni
Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre held opningsinnlegget ved World Expression Forum (WEXFO) på Lillehammer. Konferansen samlar ekspertar og fagfolk som diskuterer ytringsfridom, teknologi, KI, desinformasjon og offentleg ordskifte. Stad: Scandic Lillehammer Hotel.
Statsministeren deltek også i ein panelsamtale med fredsprisvinnar Maria Resa. Samtalen bli moderert av Hanne Skartveit.
Som ein del av reisa si i Innlandet besøkjer statsministeren også Fagskolen i Gjøvik og Gudsås gard på Furnes.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post [email protected].
Tysdag 2. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Sandnessjøen og Herøy.
Kl. 09.15: Statsministeren møter elevar frå Sandnessjøen på inspirasjonsmøte for unge, og elevar som deltek på Ungt entreprenørskap. Han deltek og på leverandørseminaret i forkant av Offshore Nordland. Stad: Scandic Syv Søstre.
Kl. 11.30: Statsministeren taler på opninga av Offshore Nordland-konferansen. Han deltek også i ein panelsamtale om geopolitikkens tyding for næringslivet. Stad: Kulturbadet i Sandnessjøen.
Kl. 14.30: Statsministeren møter elevar og tilsette på Herøy skole. Stad: Sør-Herøyveien 158, Herøy.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post [email protected].
Onsdag 3. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Vågan og Henningsvær.
Kl. 09.45: Statsministeren besøkjer Gimsøystraumen rasteplass i Kleppstad, der han får høyre om kommunar i regionen som samarbeider om kartlegging av marint mangfald.
Kl. 16.00: Statsministeren drar på fisketur med ungdom i Henningsvær.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post [email protected].
Fredag 5. juni
Kl. 12.30: Statsminister Jonas Gahr Støre, næringsminister Cecilie Myrseth og finansminister Jens Stoltenberg har invitert representantar frå gründer- og oppstartsmiljø og risikokapitalaktørar til innspelsmøte om økt konkurransekraft for framtidas næringsliv.
Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Første del av møtet er lukka. Media kan vere til stades frå kl. kl. 14.00, under oppsummeringa til statsministeren og andre møtedeltakarar. Det vert høve til å stille spørsmål.
Presse som ønskjer å vere til stades, må akkreditere seg i skjemaet nedanfor innan torsdag 4. juni kl. 15.00.
Akkreditert presse må møte i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med gyldig legitimasjon og pressekort.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post [email protected].
Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar David Tvetene, telefon 47 27 26 79, e-post [email protected].
Pressekontakt for finansministeren er kommunikasjonssrådgivar Mark S. Berger, telefon 91 60 04 44, e-post [email protected].
Veke 24
Tysdag 9. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Tallinn.
Tema for møtet er mellom anna sikkerheit og forsvarssamarbeid, utvikling av forsvarsindustrien, Ukraina-støtte og kunstig intelligens.
Presse som ønskjer å dekkje møtet finn lenkje til akkreditering på denne nettsida. Fristen for akkreditering er 29. mai.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Torsdag 11. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Brussel og møter Europakommisjonens president Ursula von der Leyen. Det er mogeleg å fotografere før møtet mellom Støre og von der Leyen. Media som ønsker akkreditering til kommisjonen må registrere seg for eit dagspass for media. I tillegg må media ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg ved Norges delegasjon til EU, Hilde Sandvær, e-post [email protected], telefon +32 477 86 04 01 innan 9. juni 12.00.
Seinare på dagen møter statsministeren Natos generalsekretær Mark Rutte. Media utan årleg akkreditering som ønsker å dekkje arrangementet, må sende e-post til [email protected] innan fredag 5. juni. E-posten må innehalde fullt namn, fødselsdato, redaksjon og kopi av pass.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Veke 28
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Tore O. Sandvik deltek på Nato-toppmøtet i Ankara i Tyrkia 7. og 8. juli 2026.
Fristen for akkreditering til Nato er 7. juni. Søk om akkreditering her.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Pressekontakt for utanriksministeren er Ane Haavardsdatter Lunde, telefon 97 67 12 50, e-post [email protected].
Pressekontakt for forsvarsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post [email protected].